Slik startar du spelet
Den eine måten å starte spelet på er å skrive
inn eit setningsmønster i den
kvite boksen og så trykkje på Play. Dersom
du vel denne metoden, kan du ikkje registrere resultatet ditt når
du er ferdig med eit spel. Den andre måten er å klikke
på Play utan å skrive inn noko setningsmønster
i den kvite boksen. Dersom du vel denne løysinga, har du
høve til å registrere resultatet ditt når du
er ferdig med eit spel. Når du klikkar på Play,
vil det opne seg eit eige vindauge for spelet. For å starte
spelet må du trykkje på F2-tasten øvst
på tastaturet ditt.
Målet med spelet
Ei setning kjem opp øvst på skjermen. Kvart av orda
i setninga vert passa på av ein slem blekksprut. Målet
med spelet er å frigjere dei ulike setningsledda og gi dei
namn. Spelet er oppbygd av tre stadium.
Stadium 1
Du startar med fem kampfly. Flya blir styrde ved hjelp av piltastane
på tastaturet. Du skyt blekksprutane med ein laserstråle
frå flyet. Laserpistolen fyrer du av ved å trykkje på
mellomromstasten (den lange tasten nedst på tastaturet). Vel
deg ut eit setningsledd (hugs at eit setningsledd kan bestå
av fleire ord!) og skyt alle blekksprutane som vaktar ord innanfor
dette setningsleddet. Dersom du skyt mot ein blekksprut som ikkje
vaktar eit ord innanfor det setningsleddet du har valt, vil alle
dei andre blekksprutane skyte på deg og prøve å
øydeleggje kampflyet ditt. Du kan unngå å bli
skoten ved å flytte på kampflyet slik at skota ikkje
råkar deg.
Stadium 2
Når du har skote fritt eit setningsledd, anten det består
av eitt eller fleire ord, sender du inn eit redningsskip ved å trykkje på R på tasturet. Du har berre 10 redningsskip.
Dersom du sender inn eit redningsskip for tidleg (før du
er ferdig med heile setningsleddet), vil blekksprutane øydeleggje
det.
Stadium 3
Når du er ferdig med eit setningsledd og det er teke vare
på av redningsskipet, vel du den rette funksjonen (subjekt,
verbal, adverbial etc.) frå lista til høgre på
skjermen. Du flytter deg opp og ned i denne lista ved å trykkje
på A (oppover) og D (nedover) på tastaturet.
Når du har markert den rette funksjonen, trykkjer du på
S (send) for å sende funksjonen til redningsskipet.
Dersom funksjonen er rett, flyg skipet bort med setningsleddet og
set det på plass i setninga saman med funksjonen. Setningsleddet
blir då grønt.
Dersom du har valt feil funksjon, vil blekksprutane angripe deg
og øydeleggje eit av dei raude skjolda. Kvart setningsledd
du har redda, er verna av to raude skjold, eitt over seg og eitt under
seg. Det tyder at du har to sjansar til å velje den rette
funksjonen. Dersom du feilar to gonger, vil redningsskipet bli øydelagt.
Då vil datamaskina vise deg den rette funksjonen og farge
setningsleddet raudt. Under har du eit oversyn over tastane og funksjonane
som blir brukte i spelet:
Til venstre på biletet over finn du namnet til dei tastene som blir brukte i spelet. Desse tastane er:
SPC (Space bar): Fyr av laserpistolen med mellomromstasten
A (Ascend): Før markøren
oppover lista med funksjonskodar S (Send): Send korrekt funksjonskode til
redningsskipet D (Descend): Før den raude markøren
nedover lista med funksjonskodar R (Rescue): Send inn redningsskip
Eit oversyn over dei ulike funksjonskodane som blir brukte i spelet
finn du her. Spelet er over når
du misser alle dei ti redningsskipa eller alle dei fem kampflya.
Poeng
Du får 10 poeng for kvart rette ord du set saman med eit setningsledd.
Når heile setningsleddet er sett saman og du koplar setningsleddet
med den rette funksjonen, blir poengsummen for dette setningsleddet
fordobla. Dersom du prøver å leggje til eit ord som
ikkje høyrer heime i eit setningsledd, misser du 5 poeng.
For å verkeleg strø salt i såra, vil blekksprutane
også skyte på deg dersom du plasserer eit ord i feil
setningsledd.
Ny setning Når du er ferdig, kan du trykkje på R for å
få ei ny setning. Då kjem eit redningsskip og tek med
seg den ferdige setninga ut i verdsrommet og hentar ei ny setning.
Menyen
På toppen av vindauget er det ein meny slik som biletet over
viser.
For å bruke menyen,
klikk på anten Game, Settings eller Help.
Under Game kan du stoppe spelet ved å velje Stop
Game. Du kan også sjå på resultatlista ved
å velje Highscore. Highscore er berre tilgjengeleg
før og etter spelet. Dersom du vil sjå resultatlista,
må du derfor anten stoppe spelet eller vente til spelet er
over.
Under Settings kan du slå lyden av eller på
ved å velje Sound Effects. Lyden er på i utgangspunktet.
Du kan sjå at lyden er på ved at det er ein svart hake
ved sida av Sound Effects. Du treng høgtalarar eller
høyretelefonar for å høyre lyden.
Under Help kan du velje Introduction for å
få ei innføring i spelet. Dersom du heller vil ha ein
interaktiv rundtur i spelet, vel Tutorial. Førebels
finst desse funksjonane berre på engelsk. Dersom du vel About,
får du vite namnet og e-post-adressa til dei som har laga
spelet.
Setningsmønster
og setningskodar I alle spela bortsett frå Paintbox, bed spelet deg fyrst om å velje
eit setningsmønster eller Pattern:
Dei setningsmønstra som er tilgjengelege for nynorsk, er: ANN, BNN, CNN og DNN. Her står
A, B, C og D for nivå, der A er lettast og D er vanskelegast. NN står for nynorsk. Setningsmønster for bokmål
er ABM, BBM, CBM, DBM og EBM. Klikk så på Play. Du kan også klikke på Play utan å skrive noko inn i boksen. Då blir tilfeldige
setningar valde for deg frå eit av nivåa.
I treanalysen og Paintbox-spelet har du også høve til
å skrive inn ein heil setningskode og dermed velje ut akkurat
den setninga du vil ha. Setningskoden består av setningsmønsteret
+ eit tal. Dersom du skriv inn ANN47, får du setning
47 frå ANN-nivået. Skriv du BNN120, får
du setning 120 frå BNN.
Setningsledd
Vi bruker følgjande setningsledd:
Forkortelse
Setningsledd
Eksempler
S
Subjekt
Lisa syklar. Jenta med dei blå snikkarbuksene syklar. At ho kjem for seint, overraskar meg ikkje.
Sf
Formelt subjekt
Det sit ein nisse på stubben.
Sr
Eigentleg subjekt
Det sit ein nisse på stubben.
P
Verbal
Simen sprang.
Simen har sprunge i ein time.
Simen hadde kunna springe i fleire timar.
Od
Direkte objekt
Tora åt lakris.
Tora åt eit tonn med lakris.
Oi
Indirekte objekt
Siri serverte Markus eit stykke av bursdagskaka.
Vaktaren gav pingvinen med det gule håret eit ekstra fiskestykke.
A
Adverbial
Hunden tusla heim. I Brasil dansar dei samba.
Cs
Predikativ: subjekstpredikativ
Marianne er astronaut. Ole Jørgen skal guten heite.
Lukka er å ete is i sola.
Co
Predikativ: objektspredikativ
Elevane skurte golvet reint. Solkongen kalla dei han.
SUB
Subjunksjonal
Eg vonar at ho kjem.
Sideordningsledd
Vi bruker følgjande sideordningsledd:
Forkorting
Sideordningsledd
Eksempel
CO
Koordinator
Sara, Ingvild og
Martine samarbeida.
Buksa var stilig, men svindyr.
CJT
Konjunkt
Sara,
Ingvild og Martine samarbeida.
Buksa var stilig, men svindyr.