Om fildepotet for LIA

Gå til fildepotet
Gå til hjemmesida for LIA

Referer til fildepotet slik:

Fildepot for LIA: https://tekstlab.uio.no/liafiler
Spesifiser også kva for (eitt) universitet filene kjem frå.

Meld gjerne frå om feil og manglar til tekstlab-post@iln.uio.no

Fildepotet for LIA inneheld talemålsopptak frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Dei fleste opptaka er digitaliserte ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana gjennom infrastrukturprosjektet LIA (Language Infrastructure made Accessible), les meir om prosjektet her.

Det eldste opptaket er frå 1937, dei yngste frå 2000-talet. Det er stort sett norske talemålsopptak frå Noreg i fildepotet, med nokon unntak, sjå nedanfor. Opptak som i si tid vart klausulerte, er ikkje med i fildepotet.

Opptaka frå Målførearkivet ved Universitetet i Oslo vart digitaliserte av EDD i eit prosjekt allereie på 2000-talet. Talemålsarkivets registrant gir ein oversikt over desse lydopptaka. Mange av desse filene er også transkriberte gjennom LIA-prosjektet eller gjennom arbeidet med Nordisk dialektkorpus (transkripsjonen av målførearkivfilene i NDC vart finansiert av NO2014). Opptaka frå Målførearkivet som er transkriberte, ligg også i fildepotet for LIA.

Gjennom LIA-prosjektet har vi forsøkt å samle så mykje metadata om kvart opptak som moleg, men mengda vil variere. Sjå alle metadata ved å klikke på i-symbolet til venstre for filnamnet.

Førebels er det berre mogleg å lytte til opptaka ved å klikke på spel-symbolet ved sida av informasjonsknappen. Dersom du treng å laste ned eit talemålsopptak, kan du ta kontakt med tekstlab-post@iln.uio.no. Det er også mogleg å laste ned ei mappe med utvalde transkripsjonar og lydfiler, sjå nedanfor.

 

Bilete av Fildepot for LIA med søkeresultat

Figur 1: I menyen til venstre kan du filtrere kva for filer du vil sjå. I figuren er "filer frå Nord-Trøndelag med transkripsjon" valde, i alt 43 filer slik det går fram av tellaren over resultata. Resultata her er viste over to sider.
Til venstre for kvart søkeresultat finst ein informasjonsknapp og ein avspelingsknapp.

Bilete av Fildepot for LIA med søkeresultat og ekstra informasjon om ei fil

Figur 2: Ikkje alle metadata er viste i hovudoversikta, men eit klikk på i-knappen, viser all informasjon slik det er gjort i denne figuren for harran_ntnu_01_1983_lia. Transkripsjonsfila kan lastas ned ved å klikke på transkripsjonsfilnamnet.

Slik bruker du fildepotet

I menyen til venstre kan du filtrere kva for opptak du får sjå med omsyn til:

 

Utvalde transkripsjonar og lydfiler til nedlasting
553 transkripsjonar i tekstformat frå LIA norsk er saman med tilhøyrande lydfiler samla i ei mappe for nedlasting. Dette er opptak som ikkje inneheld sensitiv informasjon og kan brukast fritt til både lingvistiske og språkteknologiske formål. (Mange opptak i LIA norsk har noko innhald som kan karakteriserast som sensitiv informasjon. Denne informasjonen er ikkje transkribert, derfor kan opptaka brukast i korpuset. Men sidan informasjonen framleis finst i lydfilene, kan lydfilene ikkje frigis for nedlasting.)

Last ned utvalde lydfiler og transkripsjonar frå LIA norsk