Om fildepotet for LIA

Gå til fildepotet.
Gå til hjemmesida for LIA

Referer til fildepotet slik:

Fildepot for LIA: https://lia.tekstlab.sigma2.no/
Spesifiser også kva for (eitt) universitet filene kjem frå.

Meld gjerne frå om feil og manglar til tekstlab-post@iln.uio.no

Fildepotet for LIA inneheld talemålsopptak frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Dei fleste opptaka er digitaliserte ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana gjennom infrastrukturprosjektet LIA (Language Infrastructure made Accessible), les meir om prosjektet her.

Det eldste opptaket er frå 1937, dei yngste frå 2000-talet. Det er stort sett norske talemålsopptak frå Noreg i fildepotet, med nokon unntak, sjå nedanfor. Opptak som i si tid vart klausulerte, er ikkje med i fildepotet.

Opptaka frå Målførearkivet ved Universitetet i Oslo vart digitaliserte av EDD i eit prosjekt allereie på 2000-talet. Desse filene ligg førebels her. Mange av desse filene er transkriberte gjennom LIA-prosjektet eller gjennom arbeidet med Nordisk dialektkorpus (transkripsjonen av målførearkivfilene i NDC vart finansiert av NO2014). Opptaka frå Målførearkivet som er transkriberte, ligg også i dette fildepotet.

Gjennom LIA-prosjektet har vi forsøkt å samle så mykje metadata om kvart opptak som moleg, men mengda vil variere. Sjå alle metadata ved å klikke på i-symbolet til venstre for filnamnet.

Førebels er det berre mogleg å lytte til opptaka ved å klikke på spel-symbolet ved sida av informasjonsknappen. Dersom du treng å laste ned eit talemålsopptak, kan du ta kontakt med tekstlab-post@iln.uio.no. Det er også mogleg å laste ned ei mappe med utvalde transkripsjonar og lydfiler, sjå nedanfor.

 

 

Figur 1: I menyen til venstre kan du filtrere kva for filer du vil sjå. I figur 1 er filer frå Nord-Trøndelag som er transkriberte valde, i alt 41 filer slik det går fram av tellaren over menyen. Resultata er her vist over to sider. Ikkje alle metadata er viste i hovudoversikta, men eit klikk på i-knappen, viser all informasjon slik det er gjort i figur 1 for harran_ntnu_01_1983_lia. Transkripsjonsfila kan lastas ned ved å klikke på transkripsjonsfilnamnet.
Avspelingsknappen er under informasjonsknappen.

 

Slik bruker du fildepotet

I menyen til venstre kan du filtrere kva for opptak du får sjå med omsyn til:

 

Utvalde transkripsjonar og lydfiler til nedlasting
553 transkripsjonar i tekstformat frå LIA norsk er saman med tilhøyrande lydfiler samla i ei mappe for nedlasting. Dette er opptak som ikkje inneheld sensitiv informasjon og kan brukast fritt til både lingvistiske og språkteknologiske formål. (Mange opptak i LIA norsk har noko innhald som kan karakteriserast som sensitiv informasjon. Denne informasjonen er ikkje transkribert, derfor kan opptaka brukast i korpuset. Men sidan informasjonen framleis finst i lydfilene, kan lydfilene ikkje frigis for nedlasting.)

Last ned utvalde lydfiler og transkripsjonar frå LIA norsk