Setningane er delte inn i fire nivå: A, B,
C og D. Setningane på nivå A er spesielt
tilpassa for elevar frå 5. til 7. klasse på mellomtrinnet.
Nivå B er fyrst og fremst laga for ungdomstrinnet, mens nivå
C er laga for elevar i vidaregåande skule. D inneheld dei
vanskelegaste setningane.
Setningane blir brukte til både setningsanalyse og spel.
I spela kan du velje om du vil arbeide med tilfeldige setningar
frå alle nivåa, eller om du vil arbeide med setningar
frå eit spesielt nivå. Dette kan du lese meir om i brukarrettleiinga
her.
I setningsanalysedelen kan du studere setningane og inndelinga av
dei. Vel Setningsanalyse med tre i menyen til venstre og
klikk deg vidare til Setningsanalyse. Eventuelt kan du
velje språk frå VISLs
hovudside og klikke deg vidare via Non-Automatic parse.
Sida du kjem til, ser slik ut:
Klikkar du på eitt av symbola A, B, C eller
D, får du eit oversyn over setningane på dette nivået.
Setningane er grupperte i seksjonar slik biletet nedanfor viser.
Dersom du klikkar på ein seksjon, vil du få sjå
kva setningar som tilhøyrer seksjonen. Du kan også
bruke rullesjakta til høgre for å flytte deg nedover
sida.
Seksjonane 1-3 blir brukte til å øve inn særskilde
setningsledd og konstruksjonar. Når du har øvd inn
desse, kan du prøve kunnskapane i seksjon 4. Dersom det er
fyrste gong du prøver setningsanalysen, kan det vere lurt
å byrje med setningar frå seksjon 1.
I seksjon 1 kan du sjå kva setningsledd kvar setning inneheld.
Alle setningsledda i denne seksjonen består berre av eitt
ord. Når du får til analysane i seksjon 1, er det tid
for å prøve seksjon 2 og 3.
I seksjon 2 finn du setningar der setningsledda kan ha meir enn
eitt ord. Dei er organiserte slik at du skal oppdage at nesten alle
setningsledd kan bestå av fleire ord.
I seksjon 3 kan du øve på to typar konstruksjonar:
sideordning og leddsetningar (for nivå A har vi berre infinitivssetningar
her). Straks du byrjar å kjenne deg fortruleg med analysane
i 2 og 3, kan du gå laus på seksjon 4.
I seksjon 4 er ikkje setningane organiserte etter kva setningsledd
eller konstruksjonar dei inneheld. Denne seksjonen kan du derfor
bruke til å teste kor mykje du har lært frå seksjonane
over.
Setningane er henta frå barne- og ungdomslitteratur og frå
aviser:
Belsvik, Rune. 2000. Den store stilige Dustefjert-boka: ei samlebok
om livet i det vesle landet ved bekken. Cappelen.
Belsvik, Rune. 2001. Verdas mest forelska par: ei forteljing frå
Bløygen. Cappelen
Bruheim, Jan-Magnus. 1980. Den kvite hjorten. Noregs boklag Hovland,
Ragnar. 1992. Ei lang reise. Damm
Hovland, Ragnar. 2000. Sjømannen, tante Elida og dei største
eventyr. Cappelen