GREI-prosjektet blei gjennomført i 2003 og var eit samarbeid mellom Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo og VISL-prosjektet ved Syddansk Universitet i Odense.
Kva blei gjort gjennom GREI? VISL (Visual Interactive Syntax Lerarning) er eit dansk prosjekt som hittil har laga grammatikkspel og andre grammatikkaktivitetar for 26 språk. Gjennom GREI-prosjektet utvikla Tekstlaboratoriet dei norske sidene hos VISL ved å finne fram til og analysere ei stor mengd setningar for bokmål og nynorsk. Setningane blir brukte til analysar og spel. GREI-prosjektet laga også norske leietekstar og kommentarar på VISL GREI-sidene er dessutan utvikla slik at VISL-sidene får ein norsk inngangsport med norsk brukarrettleiing.
I GREI-prosjektet samarbeidde Tekstlaboratoriet med tre lærarar og klassene deira i 2003: Adjunkt Anne Marie Heiaas ved Tåsen barneskole, adjunkt Elinor Sevaldson ved Nordberg ungdomsskole og lektor Karl-Eirik Kval ved Fagerborg videregående skole. Alle deltok i diskusjonar og møte. Dessutan gjesta Tekstlaboratoriet og lærarane VISL-prosjektet i Odense. Lærarane brukte også dei norske VISL-sidene i klassene sine.
Evaluering Resultata frå utprøvinga i klasseromma på Tåsen
barneskole, Nordberg ungdomsskole og Fagerborg videregående
skole er summerte i to små undersøkingar, ei brukarundersøking som måler haldningane elevane har til VISL-systemet, og ein grammatikktest som måler grammatikkkunnskapane til elevane før og
etter bruk av VISL-sidene. Resultata er positive. Nesten alle elevane
synest VISL-aktivitetane er meir spennande enn tradisjonelle øvingsoppgåver
i grammatikk. Dei grammatiske testane tyder også på
at elevar som har brukt VISL, blir betre i grammatikk enn kontrollgruppene.
Undersøkingane er gjorde blant så få elevar at
det er vanskeleg å trekkje sikre konklusjonar. Resultata er
likevel så eintydige at dei burde gi grunnlag for ei større
undersøking av effektane av VISL-undervisning.
Finansiering GREI blei finansiert gjennom Læringssenteret, Tekstlaboratoriet og PaNoLa-prosjektet. PaNoLa (Parsing Nordic Languages) var eit nordisk prosjekt som blei støtta av Nordisk Ministerråds språkteknologiprogram. Her samarbeidde Tekstlaboratoriet også med VISL-prosjektet, med Gøteborgs Universitet og Universitetet i Helsinki. Gjennom PaNoLa blei norsk VISL-språk for fyrste gong i 2002 saman med svensk og finsk. PaNoLa har også arbeidt med automatisk Constraint Grammar-analyse av tekstar. Du kan lese meir om den norske Constraint Grammar-taggaren, Oslo-Bergen-taggaren, her.
Artiklar •Johannessen, Janne Bondi og Kristin Hagen. 2008.
"Gøy med grammatikk. Dataspill i grammatikkopplæringen". I Språkdidaktikk for norsklærere - mangfold i språk og tekster. • Johannessen, Janne Bondi og Kristin Hagen. 2007.
"Nye grammatiske termer i skoleverket". Språknytt (2) s. 22-28. • Johannessen, Janne Bondi ; Kristin Hagen og Janne Von Koss Torkildsen. 2005. "Grammatikkspill og treanalyser for skoleelever". Norsklæraren (1)
Studentprosjekt Studentane Hildegunn Holmbakken og Eva Lisa Ørvik skreiv obligatoriske oppgåver om GREI på Høgskolen
i Vestfold våren 2004. Les oppgåvene her: