Slik startar du spelet
Når du kjem inn på Shooting Gallery-sida, kan du starte
spelet på to måtar: Den eine måten å starte
spelet på er å skrive inn eit setningsmønster
i den kvite boksen og så trykkje på Play. Dersom
du vel denne metoden, kan du ikkje registrere resultatet ditt når
du er ferdig med eit spel. Den andre måten er å klikke
på Play utan å skrive inn noko setningsmønster
i den kvite boksen. Dersom du vel denne løysinga, har du
høve til å registrere resultatet ditt når du
er ferdig med eit spel. Når du klikkar på Play,
vil det opne seg eit eige vindauge for spelet. For å starte
spelet må du trykkje på F2-tasten øvst
på tastaturet ditt.
Slik speler du
Datamaskina gir deg 100 setningar å skyte på. Desse
setningane er delte i 10 grupper av 10 setningar. For kvar av desse
10 gruppene vil datamaskina fortelje deg kva ordklasse du skal skyte.
Denne ordklassa gjeld for dei 10 neste setningane, altså heilt
til du blir varsla om at du skal skyte på ei anna ordklasse.
Du skyt ved å peike på rett ord med musa og klikke.
For kvart ord av den rette ordklassa du skyt ned, får du 10
poeng. Du kan sjå at du har skote det rette ordet fordi det
blir grønt når du råkar det. Dersom du skyt eit
ord frå feil ordklasse, blir ordet raudt når du råkar
det og du misser 5 poeng.
Spelet er over dersom du skyt 5 ord frå feil ordklasse, eller
dersom du lèt 5 ord frå rett ordklasse sleppe forbi.
Du kan sjølv avslutte spelet når du vil. Det er to
måtar å avslutte spelet på. Anten vel du Stop
Game i Game-menyen, eller så vel du Quit
i den same menyen. Dersom du vel Stop game, får du
sjansen til å registrere resultatet ditt dersom du har fått
mange nok poeng (sjå under).
Resultatliste
Dersom du er ein av dei 10 beste den dagen du speler, eller dersom
du er ein av dei 100 beste totalt, får du sjansen til å
registrere namnet ditt og landet du kjem frå. Dersom du vil
sjå på resultatlista, vel Highscore i Game-menyen.
Vanskegradar
Spelet har tre vanskegradar: Beginner (nybyrjar), Intermediate (litt øvd) og Expert (ekspert). Dess høgare
vanskegrad du vel, dess raskare flyg setningane forbi og dess lengre
blir dei. Dersom du ikkje vel nivå, vil spelet automatisk
velje det midtarste nivået. Dersom du vil endre nivået,
vel Level i Game-menyen.
Legg merke til at farten på setningane aukar dess lenger ut
du kjem i spelet, sjølv om du ikkje har skifta nivå.
Språk
Du kan endre språk ved å velje Language i Game-menyen.
Ordklasser
I Shooting Gallery kan du velje om du vil spele med alle ordklassene,
eller om du berre vil ha nokre. Spelet bruker automatisk alle ordklassene
dersom du ikkje aktivt vel noko anna. Dersom du ikkje vil ha med
alle ordklassene, kan du velje anten 1) berre substantiv og verb
eller 2) berre dei store ordklassene (substantiv, verb, adjektiv
og adverb) eller 3) berre dei små ordklassene (konjunksjonar,
pronomen, preposisjonar og artiklar). Du kan endre ordklassene som
blir brukte ved å velje Word Classes i Game-menyen.
Lyd
Når du byrjar spelet, er lyden på. Du treng høyretelefonar
eller høgtalarar på datamaskina di for å høyre
lyden. Dersom du vil skru lyden av, kan du velje Soundeffects under Settings-menyen slik at denne ikkje
lenger er markert med ein hake.