Slik startar du spelet Når du kjem inn på Syntris-sida, kan du starte spelet
på to måtar: Den eine måten å starte spelet
på er å skrive inn eit setningsmønster i den kvite boksen og så trykkje på Play. Dersom
du vel denne metoden, kan du ikkje registrere resultatet ditt når
du er ferdig med eit spel. Den andre måten er å klikke
på Play utan å skrive inn noko setningsmønster
i den kvite boksen. Dersom du vel denne løysinga, har du
høve til å registrere resultatet ditt når du
er ferdig med eit spel.
Når du klikkar på Play, opnar det seg ei eiga
Syntris-side. For å starte spelet må du trykkje på
F2-tasten øvst på tastaturet.
Slik speler du Datamaskina vel ei setning og deler henne opp i sine rette setningsledd.
Så kjem ein boks ned frå himmelen. Denne boksen inneheld
namna på fire setningsledd. Di oppgåve er å flytte
boksen og namna på setningsledda slik at dei høver
til eit av setningsledda under. Eit oversyn over setningsledda finn
du her. Slik ser skjermbiletet ut når
du speler:
For å flytte boksen, bruk piltastane til venstre og høgre.
Venstre piltast flytter boksen mot venstre, og høgre piltast
flytter boksen mot høgre. For å flytte om på
setningsledda inne i boksen, bruk opp- og ned-pilane. Det setningsleddet
som tel, er det som er NEDST i boksen (dette er jo den delen av
boksen som kjem i direkte kontakt med setningsleddet når det
fell ned). Når du har flytt boksen dit du vil og flytt om
på setningsledda inne i boksen slik du ønskjer, kan
du berre la boksen falle.
Fart Dersom du synest boksen fell for sakte, er det berre å trykkje
på mellomromstasten (den lange tasten nedst på tastaturet),
så fell boksen raskare. Dess oftare du trykkjer på mellomromstasten,
dess raskare fell boksen.
Pause Dersom du vil ha ein pause i spelet, trykkjer du på p på tastaturet. Når du er klart til å starte igjen,
trykk på p ein gong til og spelet held fram.
Poeng Kvar gong du får eit setningsledd til å falle ned på
rett stad, får du 10 poeng og dette setningsleddet blir grått.
Det rette setningsleddet blir vist med blå bokstavar under.
Kvar gong du lèt eit setningsledd falle ned på feil
stad, misser du 5 poeng og datamaskina vel ei ny setning. Den gamle
setninga blir verande nedst på skjermen. Men du har framleis
sjansen til å rette opp feilen i den gamle setninga. Dersom
du greier å analysere dei setningane som ligg over den gamle
setninga, vil du igjen nå ned til den gamle setninga og få
ein sjanse til å analysere henne på nytt. Spelet er
over når 10 setningar har lagt seg oppå kvarandre på
skjermen. Du kan sjølv stoppe spelet når du vil ved
å velje Stop Game eller Quit frå Game-menyen.
Resultatliste Når eit spel er ferdig, kan du få vite den totale poengsummen
din og kvar du ligg på resultatlista. Dersom du er mellom
dei 100 beste, kan du registrere namnet ditt og kva land du er frå.
Du kan sjå resultatlista ved å velje Highscore frå Game-menyen. Maskina har oversyn over dei 100
beste resultata dette året og månaden, og dei 10 beste
resultata denne veka og dagen.
Språk Du kan endre språk ved å velje Language i Game-menyen.
Slik stoppar du spelet Du kan sjølv stoppe spelet når du vil ved å velje Stop Game eller Quit frå Game-menyen.
Lyd Førebels er det ingen lydeffektar tilgjengelege for dette
spelet.
Setningsledd
Vi bruker følgjande setningsledd:
Forkortelse
Setningsledd
Eksempler
S
Subjekt
Lisa
syklar. Jenta med dei blå snikkarbuksene
syklar. At ho kjem for seint, overraskar
meg ikkje.
Subjekt i samband med førebels subjekt:
Det kom to sjonglørar
på festen.
Sf
Førebels subjekt
Det sit
ein nisse på stubben.
P
Verbal
Simen sprang.
Simen har sprunge i ein time.
Simen hadde kunna springe i
fleire timar.
Od
Direkte objekt
Tora åt lakris.
Tora åt eit tonn med lakris.
Oi
Indirekte objekt
Siri serverte Markus
eit stykke av bursdagskaka.
Vaktaren gav pingvinen med det gule
håret eit ekstra fiskestykke.
A
Adverbial
Hunden tusla heim. I Brasil dansar dei samba.
Cs
Predikativ: subjekstpredikativ
Marianne er astronaut. Ole Jørgen skal guten
heite.
Lukka er å ete is i sola.
Co
Predikativ: objektspredikativ
Elevane skurte golvet reint. Solkongen kalla dei han.
SUB
Underordnande konjunksjonal
Eg vonar at
ho kjem.
Sideordningsledd
Vi bruker følgjande sideordningsledd:
Forkortelse
Sideordningsledd
Eksempler
CO
Koordinator
Sara, Ingvild og
Martine samarbeida.
Buksa var stilig, men svindyr.
CJT
Konjunkt
Sara,
Ingvild og Martine samarbeida.
Buksa var stilig , men svindyr.