Når du kjem inn på WordFall-sida, kan du starte spelet
på to måtar: Den eine måten å starte spelet
på er å skrive inn eit setningsmønster
i den kvite boksen og så trykkje på Play. Dersom
du vel denne metoden, kan du ikkje registrere resultatet ditt når
du er ferdig med eit spel. Den andre måten er å klikke
på Play utan å skrive inn noko setningsmønster
i den kvite boksen. Dersom du vel denne løysinga, har du
høve til å registrere resultatet ditt når du
er ferdig med eit spel. Når du klikkar på Play,
opnar det seg ei eiga WordFall-side. For å starte spelet må
du trykkje på F2-tasten øvst på tastaturet.
Slik speler du Ei setning kjem opp øvst på skjermen. Eitt etter eitt
byrjar orda å falle nedover skjermen. Di oppgåve er
å sørgje for at orda som fell, landar i rett ordklasse.
Eit oversyn over forkortingane for dei ulike ordklassene finn du her. Slik ser skjermbiletet ut når
du speler:
Du bruker piltastane til å flytte dei fallande orda. Den venstre
pilen flytter ordet til venstre, og den høgre pilen flytter
ordet til høgre. Dersom ordet er heilt på den eine
sida av skjermen, kan du styre det ut av skjermen på denne
sida, slik at det kjem ut igjen på den andre sida. Når
du har flytt eit ord til rett posisjon, kan du få det til
å falle raskare ved å bruke ned-pilen på tastaturet.
Men pass på å berre trykkje ein gong på ned-pilen.
Dersom du trykkjer to gonger, vil både det ordet du held på med, og det neste bli styrt ned i den kategorien det er plassert
over.
Poeng For kvart ord som fell ned i rett ordklasse, får du 10 poeng.
Kvar gong du plasserer eit ord feil, misser du 5 poeng. Dersom du
greier ei heil setning utan å gjere feil, får du ein
bonus på 10 poeng ekstra for kvart ord i setninga. Med andre
ord doblar du poengsummen for ei setning dersom du gjer alt heilt
rett.
På høgre side er det ein "straffeboks" som
er kalla Penalty Box. Kvar gong eit ord fell ned i feil
ordklasse, aukar vass-standen i straffeboksen. Når straffeboksen
er heilt full, kjem det ein murvegg over den setninga du held på
med. Murveggen gjer at orda i neste setning får kortare veg
å falle og du må reagere raskare.
Spelet er over når murveggen fyller heile skjermen. Du kan
også stoppe spelet når du vil ved å velje Quit frå Game-menyen.
Resultatliste Dersom poengsummen din er mellom dei 10 beste den dagen eller mellom
dei 100 beste totalt, kan du registrere namnet ditt og landet du
kjem frå.
Vanskegradar Det er tre vanskegradar: nybyrjar (Beginner), middels (Intermediate)
og avansert (Expert). Dess høgare vanskegrad du vel, dess lengre blir setningane og dess raskare fell orda. Storleiken på
mursteinane i veggen aukar også, slik at skjermen blir fylt
raskare opp når du gjer ein feil. Spelet startar automatisk
på middels vanskegrad dersom du ikkje vel noko anna. Dersom
du vil endre vanskegraden, vel Level i Game-menyen.
Språk Du kan endre språk ved å velje Language frå
Game-menyen.
Ordklasser Dersom du ikkje vel noko spesielt, bruker WordFall alle ordklassene.
Dersom du ønskjer eit avgrensa utval av ordklasser, kan du
velje Word Classes i Game-menyen. Her finst det
tre førehandsdefinerte grupper av ordklasser: 1) berre verb
og substantiv, 2) berre dei store ordklassene (substantiv, verb,
adjektiv og adverb), 3) berre dei små ordklassene (konjunksjonar,
pronomen, preposisjonar og artiklar). Dersom du ønskjer ei
anna gruppe av ordklasser enn dei tre førehandsdefinerte,
vel Word Classes frå Game-menyen og Custom.
Då kjem det opp eit eige vindauge der du kan hake av dei ordklassene
du sjølv ønskjer. Men hugs at dersom du vel ut ordklassene
du skal spele med gjennom Custom, vil du ikkje kunne registrere
resultatet ditt i resultatlista.
Slik stoppar du spelet Du kan når som helst stoppe spelet ved å velje Stop
Game eller Quit frå Game-menyen. Men
du får berre sjansen til å registrere resultatet ditt
dersom du vel Stop Game. Du må også ha oppnådd
ein viss poengsum for å få lov til å registrere
resultatet ditt.
Lyd Når du startar spelet, er lyden på. Du treng høgtalarar
eller høyretelefonar tilknytt datamaskina for å høyre
lyden. Dersom du vil skru av lyden, vel Sound Effects i
Settings-menyen.
Statistikk Når spelet er over, vil datamaskina vise deg eit oversyn over
resultata dine for dei ulike ordklassene. Datamaskina spør
deg om du ønskjer eit skreddarsydd spel for å øve
på dei ordklassene du hadde problem med i det førre
spelet.
Litt grammatikkhjelp
Her kjem nokre døme for å hjelpe deg med ordklassene. Orda
har same farge som i Paintbox-paletten: