Setningsledda blir forkorta med store bokstavar. På treanalysesida
har setningsledda lysegrøn farge.
Setningstypar
Vi har fire setningstypar:
Forkorting
Setningstype
Eksempel
STA
Forteljande setning (Statement)
Vevkjerringa sleppte lysekrona.
QUE
Spørjesetning (Question)
Sleppte vevkjerringa lysekrona?
COM
Bydesetning (Command)
Slepp lysekrona!
EXC
Utrop (Exclamation)
Uff då!
Setningsledd
Vi bruker følgjande setningsledd:
Forkorting
Setningsledd
Eksempel
S
Subjekt
Lisa
syklar. Jenta med dei blå snikkarbuksene
syklar. At ho kjem for seint, overraskar
meg ikkje.
Subjekt i samband med førebels subjekt:
Det kom to sjonglørar
på festen.
Sf
Førebels subjekt
Det sit
ein nisse på stubben.
P
Verbal
Simen sprang.
Simen har sprunge i ein time.
Simen hadde kunna springe i
fleire timar.
Od
Direkte objekt
Tora åt lakris.
Tora åt eit tonn med lakris.
Oi
Indirekte objekt
Siri serverte Markus
eit stykke av bursdagskaka.
Vaktaren gav pingvinen med det gule
håret eit ekstra fiskestykke.
A
Adverbial
Hunden tusla heim. I Brasil dansar dei samba.
Cs
Predikativ: subjekstpredikativ
Marianne er astronaut. Ole Jørgen skal guten
heite.
Lukka er å ete is i sola.
Co
Predikativ: objektspredikativ
Elevane skurte golvet reint. Solkongen kalla dei han.
SUB
Underordnande konjunksjonal
Eg vonar at
ho kjem.
Sideordningsledd
Vi bruker følgjande sideordningsledd:
Forkorting
Sideordningsledd
Eksempel
CO
Koordinator
Sara, Ingvild og
Martine samarbeida.
Buksa var stilig, men svindyr.
CJT
Konjunkt
Sara,
Ingvild og Martine samarbeida.
Buksa var stilig, men svindyr.
Gruppeledd
Det er to gruppeledd: Hovud og Dependent. Det er eitt hovud og ein
eller fleire dependentar i ei gruppe. Vi opererer med fem ulike grupper:
• grupper med substantiv
som hovud • grupper med adjektiv som hovud • grupper med preposisjonar eller adverb som
hovud • grupper med verb som hovud • grupper med pronomen som hovud
Forkorting
Gruppeledd
Eksempel
(gruppa med feit skrift, hovudet i gruppa med raudt)
H
Hovud
Substantiv er hovud: Den skitne hunden bjeffa.
Den skitne hunden med
naglehalsbandet bjeffa.
Ho hadde store føter.
Adjektiv er hovud:
Jakka var heilt ny.
Adverb er hovud:
Ho køyrer svært fort
Preposisjon er hovud:
Nøklane låg på
bordet. I den gamle rønna
fann Anja eit gulna brev.
Pronomen er hovud: Ho bak disken smilte
til meg.
Verb er hovud:
Eg har sove i åtte
timar.
Jenny har vilja gjeste
henne lenge.
Andreas kan ikkje kommepå trening i dag.
Forkorting
Gruppeledd
Eksempel
(gruppa med feit skrift, dependenten i gruppa med raudt)
D
Dependent
Substantiv er hovud: Denskitne
hunden bjeffa. Denskitne
hundenmed naglehalsbandet bjeffa.
Ho hadde store føter
Adjektiv er hovud:
Jakka var heilt ny
Adverb er hovud:
Ho køyrer svært
fort.
Preposisjon er hovud:
Nøklane låg på bordet. I den gamle rønna
fann Anja eit gulna brev.
Pronomen er hovud: Ho bak diskensmilte
til meg
Verb er hovud:
Eg har sove i åtte
timar.
Jenny har vilja gjeste
henne lenge.
Andreas kan ikkje komme
på trening i dag.