Slik startar du speletNår du kjem inn på Paintbox-sida, kan du starte spelet på to måtar:
Den eine måten å starte spelet på er å skrive inn ein setningskode,
til dømes BNN32, i den kvite boksen. Den andre måten
er å klikke på eit av bokstavikona øvst på sida (den gule A-en,
den grøne B-en eller den blå C-en). Då vil det komme opp ei liste
med setningar. Frå denne lista kan du velje ei setning ved å klikke
på ikonet til venstre for setninga.
Målet med spelet
Målet med spelet
er å fargeleggje alle orda i setninga med rett farge. Kvar ordklasse
har sin eigen farge.
Slik speler du
Du fargelegg eit ord ved å klikke på den rette fargen på paletten
og så klikke på det ordet du vil fargeleggje. Forkortingane for
dei ulike ordklassene finn du nedanfor.
I dømet under er tømde eit verb. Derfor skal
du måle det raudt, det vil seie med den fargen som er merkt v. Turistsjefen er eit substantiv og skal derfor vere
blå, det vil seie den fargen som er merkt n. Sidan lommene
også er eit substantiv, kan du måle det i same slengen, altså
utan å gå tilbake til paletten.
Hjelp
Dersom du ikkje veit kva farge du skal velje, kan du klikke på sirkelen VIS i midten av paletten og så klikke på det ordet du treng
hjelp med.
Paletten
Dei to basisfargane er blå for
substantiv og raud for verb.
Dei orda som har nært slektskap med substantiv (pronomen, artiklar,
talord og adjektiv) er på den blå-grøne fargeskalaen. Dei orda som har
nært slektskap med verb (adverb og infinitivsmerket) er på den raud-oransje
fargeskalaen. Sirklane på paletten har to ulike storleikar. Storleiken
på sirkelen seier noko om kor mange ord som finst i ordklassa. Derfor
er sirklane for opne ordklasser (som substantiv, verb, adjektiv
og adverb) størst.
Gjenta
Når du er ferdig med ei setning, kan du velje å spele med den same
setninga ein gong til ved å trykkje på Gjenta.
Ny setning
Dersom du vil at spelet skal velje ei ny setning til deg, så trykk
på Ny setning. Då blir spelet automatisk starta på nytt med
ei ny setning. Dersom du har lyst til å velje ut den neste setninga
sjølv, kan du klikke på det gule, grøne eller blå bokstav-ikonet
øvst på sida. Då kjem du til eit oversyn over alle setningane. Klikk
på ikonet til venstre for den setninga du vil spele med. Ei tredje
moglegheit for å få ei ny setning er å skrive inn ein setningskode
i den kvite boksen.
Lyd
Under paletten er det ein boks som heiter Lyd. Når du byrjar
spelet, er denne boksen merkt av. Det tyder at lyden er på. Du treng
høyretelefonar eller høgtalarar på datamaskina di for å høyre lyden.
Dersom du vil skru lyden av, kan du klikke i boksen slik at den
svarte avmerkinga går bort.
Flodhest
Når du byrjar spelet, er det ein flodhest nedst på skjermen. Du
kan velje å byte ut denne flodhesten med eit andlet. Dersom du vil
byte ut flodhesten, så klikk i boksen som er merkt Flodhest
slik at markeringa forsvinn.
Val
Når du startar Paintbox, er alle sirklane på paletten farga. Dette
tyder at alle ordklasser er representerte og at du dermed kan fargeleggje
alle orda du får i spelet. Men det er ikkje nødvendig å arbeide med
alle ordklassene. Dersom du vil konsentrere deg om nokre ordklasser,
klikk på Start val-boksen som er rett over paletten. Då forsvinn
alle fargane i paletten, og han blir sjåande slik ut:
No kan du velje kva ordklasser du vil ha med i spelet ved å
klikke på sirklane. Dersom du angrar deg og vil ta bort ein
farge du har markert, så klikk på denne fargen. Då
kjem han til å forsvinne. Dersom du til dømes berre
vil spele med substantiv, verb og adjektiv, klikk på n,
v og adj. Då vil paletten sjå slik
ut:
Når du er ferdig med å velje ordklasser, så klikk på knappen Stopp
val over paletten (legg merke til at knappen Start val
blir endra til Stopp val når du klikkar på han, og omvendt).
Spelet vil no starte automatisk. Du treng berre å bry deg om dei
ordklassene du har markert i paletten. Ord frå andre ordklasser
enn dei som er markerte, vil du ikkje kunne fargeleggje.
Litt grammatikkhjelp
Her kjem nokre døme for å hjelpe deg med ordklassene. Orda
har same farge som i Paintbox-paletten:
n
=
substantiv (sykkel, bok, fredag,
Harry, Oslo)
pro
=
pronomen (eg, han, nokon, min)
art
=
artikkel (ein, eit, den)
num
=
talord (ein, to, tre, første,
andre, tredje)
adj
=
adjektiv (blå, snill, flink, humpete)
prep
=
preposisjon (på, i, under,
ved)
conj
=
konjunksjon (og, eller, men,
at)
intj
=
interjeksjon (oi, au, uff, jippi)
adv
=
adverb (veldig, så, ute,
fort)
infm
=
infinitivsmerke (å)
v
=
verb (er, åt, har, fastsetje)
Setningsmønster og setningskodar
I alle spela bortsett frå Paintbox, bed spelet deg fyrst om å velje
eit setningsmønster eller Pattern:
Dei setningsmønstra som er tilgjengelege for nynorsk, er:
ANN, BNN, CNN og DNN. Her står
A, B, C og D for nivå, der A er lettast og D er vanskelegast.
NN står for nynorsk. Setningsmønster for bokmål
er ABM, BBM, CBM, DBM og EBM. Klikk så
på Play. Du kan også klikke på Play
utan å skrive noko inn i boksen. Då blir tilfeldige
setningar valde for deg frå eit av nivåa.
I treanalysen og Paintbox-spelet har du også høve til
å skrive inn ein heil tningskode og dermed velje ut akkurat
den setninga du vil ha. Setningskoden består av setningsmønsteret
+ eit tal. Dersom du skriv inn ANN47, får du setning
47 frå ANN-nivået. Skriv du BNN120, får
du setning 120 frå BNN.