GREI-prosjektet har førehandsanalysert ei stor mengd setningar på bokmål og nynorsk som blir brukte til spel og setningsanalyse. Her kan du lese meir om korleis setningane er analyserte.
Sjå på dømebiletet nedanfor (Sjå under Setningsanalyse med tre i menyen til venstre for å klikke deg fram til dei aktuelle sidene på VISL). I treet på biletet er setningsledda subjekt (S), verbal (P), indirekte objekt (Oi) og objekt (Od) markerte med grøne boksar. Ordklassene pronomen (pron), verb (v) og substantiv (n) har lilla boksar. Setningsledda blir skrivne med store bokstavar, og ordklassene blir skrivne med små bokstavar. Øvst på sida er det ei grøn linje med oversyn over alle setningsledda og ei lilla linje med oversyn over alle ordklassene. På VISL-sida blir termar på den grøne linja kalla for funksjon. Termar på den lilla linja blir kalla for form. Dersom du vil vite det norske ordet for ei av forkortingane på den lilla eller grøne linja, kan du føre musa over den forkortinga du lurer på. I brukarrettleiinga finn du eit oversyn over dei setningsledda og dei ordklassene som blir brukte av systemet.
Analysen følgjer stort sett den praksisen som er følgd gjennom forklaringar og døme i lærebøkene som blir brukte i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. (Sjå referansar nedanfor.) Når nokre av forkortingane er annleis enn i bøkene, er grunnen til dette at forkortingane på VISL-sidene må vere dei same for alle VISL sine språk. Er forkortingane like, er det enkelt å veksle mellom å bruke VISL til setningsanalyse på ulike språk.
Form: ordklasse (lilla farge)
Ordklasser
Omgrepa substantiv, verb, adjektiv, adverb, artikkel, pronomen, preposisjon, konjunksjon, talord og interjeksjon blir brukte som i lærebøkene. Infinitivsmerket å står som ei ordklasse.
som og enn I GREI har vi valt å følgje Referansegrammatikken i klassifiseringa av som og enn:
• som og enn er underordnande konjunksjonar når dei innleier setningar: Kom som du er! Ho var ein annan enn eg trudde.
• Dersom som og enn ikkje innleier setningar, blir dei rekna som preposisjonar: Eg fall som ein stein. Eg er høgare enn deg.
I setninga nedanfor er som dermed konjunksjon i det fyrste tilfellet og preposisjon i det andre: Eg har lese ei bok som er like stor som eit kjøleskap.
Partisipp eller adjektiv? På bokmål kan ifølgje Norsk referansegrammatikk kongruens brukast som rettesnor. Kongruerer ordet, er det adjektiv.
Adjektiv: Han er spent - De er spente.
Partisipp: Hun er kommet - De er kommet.
På nynorsk blir også partisippa samsvarsbøygde i passiv og perfektum. Her må vi bruke semantiske kriterium: Prosess indikerer verb, tilstand indikerer adjektiv.
Partisipp: Bøkene er skrivne.
Adjektiv: Meiningane er delte.
Ordgrupper
Eit setningsledd er ei gruppe (g) og ikkje ei ordklasse dersom setningsleddet inneheld fleire ord. Er setningsleddet ei setning, blir setning (cl) brukt i staden for gruppe. Er setningsleddet ei sideordning, vert det kalla paratakse eller sideordning (par).
Setning (cl) blir brukt både for heilsetning og leddsetning. På nivå A er det ikkje døme på setningar med leddsetningar.
Funksjon: setningsanalyse (grøn farge)
Setningsledd
Omgrepa verbal, direkte objekt, indirekte objekt og adverbial blir brukte som i lærebøkene.
Subjekt Lærebøkene er ulike med omsyn til kva subjekt som blir rekna med. I GREI har vi valt å bruke to typar: subjekt og førebels subjekt. Vi bruker ikkje termane formelt subjekt og eigentleg subjekt. Eksempel på analyse:
Førebels subjekt + subjekt:
Det sit ein gammal mann i parken. Det kom ein mann. Det blei ete eit eple. Det går alltid eit tog.
Subjekt:
Dørene blir lukka. Det regnar.
Her er nokre retningslinjer som kan hjelpe til med å avgjere om eit setningsledd er subjekt eller førebels subjekt:
• Førebels subjekt + subjekt: Skriv om setninga, og det blir overflødig: Det er herleg å sove. —> Å sove er herleg.
• Subjekt: Byt ut referanse det med dette: Det var miljøskapande. Dette var miljøskapande.
• Førebels subjekt + subjekt (i staden for subjekt + subjektspredikativ): Subjektspredikativ karakteriserer subjektet. Vel førebels subjekt + subjekt dersom det er tomt: Det var frukosttid.
På nivå A er det ikkje døme på setningar med førebels subjekt.
Predikativ
Vi har to typar, predikativ: subjektspredikativ (Cs) og predikativ: objektspredikativ (Co). På nivå A og B er det berre dømesetningar med predikativ: subjektspredikativ (Cs).
Subjunksjonal
Termen SUB (subjunksjonal) blir brukt for å gi dei underordnande konjunksjonane setningsleddsanalyse.
I setningsleddsanalysen får infinitivsmerket termen SUB slik som dei underordnande konjunksjonane. å innleier dessutan ei setning cl med infinitt verbal.
Sideordningsledd
Termen CO (koordinator eller sideordnande konjunksjonal) blir brukt for å gi sideordnande konjunksjonar setningsleddanalyse. Dei andre delane av ei sideordning blir kalla CJT (konjunkt eller sideordningsledd).
Gruppeledd
Dersom setningsleddet er ei gruppe, det vil seie at det består av fleire ord, blir setningsleddet på neste nivå i treet delt opp i hovud (H) og dependent (D). Hovudordet i gruppa er hovud.
• I adverbial med preposisjon (på bordet eller under stolen) blir preposisjonen rekna som hovudet i gruppa: på (H) bordet (D) eller under (H) stolen (D).
• Fleirledda namn blir ikkje delte opp, men blir rekna som eitt ord: Per Hansen, Manchester United.
• Titlar som fru, tante, herr og professor er dependent framfor namnet: professor (D) Hansen (H).
• I tilfelle som midtbanespelaren Ousman Nyan eller eliteserielaget Lillestrøm blir namnet rekna som apposisjon og dermed dependent: midtbanespelaren (H) Ousman Nyan (D) eller eliteserielaget (H) Lillestrøm (D).
• Ved verbfrasar er innhaldsverbet hovud og hjelpeverbet eller hjelpeverba dependentar: skal (D) komme (H) eller burde (D) ha (D) komme (H).
Er ordet/ordgruppa eige setningsledd eller del av ei anna gruppe?
Døme: Vi tek initiativ til dette eller Vi tek bil til jobben:
Når ein preposisjon eller eit preposisjonsledd følgjer etter eit adjektiv eller eit substantiv, har vi valt å vurdere om preposisjonsleddet er eit komplement eller ikkje. Er det komplement, utgjer adjektivet/substantivet ei gruppe saman med preposisjonsleddet der fyrstnemnde er hovudet og sistnemnde dependent: Vi tek initiativ til dette: Her er initiativ til dette direkte objekt (Od) med initiativ som hovud og til dette som dependent.
Er det ikkje eit komplement, utgjer adjektivet/substantivet og preposisjonsleddet kvart sitt setningsledd: Vi tek bil til jobben: Her er bil direkte objekt (Od) og til jobben adverbial (A).
Ved verb vel vi derimot aldri å ta stilling til statusen til preposisjonsleddet slik at dette alltid vil vere på same nivå som verbet og ikkje utgjere ein dependent til det: Hun slo på radioen: Her analyserer vi slo som verbal (V) og på radioen som adverbial (A).
Dersom det følgjer ei gruppe eller ei setning etter preposisjonen, blir denne alltid rekna som dependenten til preposisjonen: Tankene tok til å kverne igjen: Her analyserer vi til å kverne igjen som adverbial (A) med til som hovud (H) og å kverne igjen som dependent (D).
OBS! Dei førehandsanalyserte setningane er korrekturlesne fleire gonger. Vi kan likevel ikkje garantere at det ikkje finst enkelte feil...
Oppdagar du feil eller er ueinig i ein analyse, så kontakt oss via lenkja øvst på sida! Vi rettar opp feila så fort vi kan!
Referansar
Faarlund, Jan Terje & Lie, Svein & Vannebo, Kjell Ivar. 1997. Norsk referansegrammatikk. Universitetsforlaget
Bøker for barnetrinnet: Bech, Kari & Heggem, Tor Gunnar & Kverndokken, Kåre. 1997.
Språket ditt, 5-7. klasse. Gyldendal
Båsland, Harald & Havnelid, Anders & Havnelid, Reidun & Hovland, Bjarne. 1997. På sporet 5-7, Språkbok. Aschehoug
Tørjesen, Torill Wiiger & Aass, Torunn Eide. 1999. Ord for alt 5-7, Språkbok A og B. Cappelen
Tørjesen, Torill Wiiger & Aass, Torunn Eide. 2000. Prøv om du kan!, Øvingsbok a, b og c for mellomtrinnet. Cappelen
Werner, Kjersti & Birkeland, Tone. 1997. Soria Moria, Opp ei trapp og inn ei dør. Språk og sjangerlære, 5-7. klasse. Samlaget
Bøker for ungdomstrinnet Askeland, Norunn & Hildrum, Jon. 1998. Norsk i niende. Aschehoug
Askeland, Norunn & Falck-Ytter, Cecilie & Hildrum, Jon & Solheim, Bjørn Elling. 1998. Norsk i tiende. Aschehoug
Bech, Kari & Heggem, Tor Gunnar & Kverndokken, Kåre. 1997. Kursboka 8-10, Rettskriving og grammatikk. Gyldendal (En del av verket Språk og sjanger)
Bonde, Elin & Ellingsen, Hein & Justdal, Hilde. 1999. Pegasus. For 10. klasse. Universitetsforlaget
Jensen, Marit & Lien, Per. 1997. Fra Saga til CD, Norsk for ungdomstrinnet B-Boka, 8. klasse. Forlaget Fag og Kultur
Sætre, Odd & Ådlandsvik, Ragna. 1997. Gjennom språket 8. Samlaget
Bøker for videregående skole Berge, Anne Lene. 2000. Impuls, Minigrammatikk. Cappelen
Berge, Anne Lene & Øystein Rottem. 1998. Spor, Teoribok VKI og VKII. Cappelen
Engelstad, Arne & Engelstad, Ingelin & Veka, Olav. 2001. Bruer: norsk språk og litteratur: grunnkurs, Aschehoug
Halvorsen, Ellen Beate & Jemterud, Ivar & Semmen, Inger Marie. 1999. Tekst og tanke. Universitetsforlaget
Jansson, Bente Kolberg & Hognestad, Jan K. & Krogh, Jannik & Michelsen, Per Arne. 2001. Tema, Norsk for grunnkurset, Lærebok og tekstsamling. Samlaget