Transkripsjon

Lydbandopptaka i LIA blir transkribert på to måtar: ein talemålsnær variant og ein med nynorsk ortografi. Transkripsjonane er kopla til kvarandre og til dei originale lydfilene. Prosjektet bruker transkripsjonsverktøyet Elan til den talemålsnære transkripsjonen og til korrekturlesing. Den ortografiske transkripsjonen blir gjort halvautomatisk ved hjelp av ein ny translitterator utvikla ved Tekstlaboratoriet. Sluttresultatet er ei Elan-fil der både den talemålsnære og den ortografiske transkripsjonen er synleg.

Les den norske transkripsjonsrettleiinga til LIA-prosjektet

Les den norske rettleiinga for translitterering i LIA

Transkripsjons- og translittereringsrettleiing for amerikanorsk

Transkripsjonsrettleiingar for samisk:

 

 



Kontakt:
Prosjektleiar professor Janne Bondi Johannessen j.b.johannessen ved iln.uio.no

eller

tekstlab-post ved iln.uio.no