Lydband i LIA og fildepot

Målet til LIA-prosjektet var å samle inn flest mogleg opptak frå dei fire universiteta: Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. Opptaka blei digitaliserte ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana og kopiar er langtidslagra der.

Etter digitaliseringa har prosjekttilsette på LIA høyrt igjennom opptaka, katalogisert dei og utstyrt dei med mest mogleg metadata. Dei mest interessante opptaka med god kvalitet er transkriberte.

Opptaka i LIA er av to typar:

Fildepot for diakrone data i LIA

Alle lydband og transkripsjonar frå LIA-prosjektet som ikkje er klausulerte, er tilgjengelege saman med metadata i eit søkbart fildepot. Fildepotet inneheld over 3000 filer. I fildepotet er det mogleg å laste ned transkripsjonar og lytte til lydfilene.

Søk i fildepotet for LIA

Les om fildepotet

Utvalde transkripsjonar og lydfiler til nedlasting

553 transkripsjonar i tekstformat frå LIA norsk er saman med tilhøyrande lydfiler samla i ei mappe for nedlasting. Dette er opptak som ikkje inneheld sensitiv informasjon og kan brukast fritt til både lingvistiske og språkteknologiske formål. (Mange opptak i LIA norsk har noko innhald som kan karakteriserast som sensitiv informasjon. Denne informasjonen er ikkje transkribert, derfor kan opptaka brukast i korpuset. Men sidan informasjonen framleis finst i lydfilene, kan lydfilene ikkje frigis for nedlasting.)

Last ned utvalde lydfiler og transkripsjonar frå LIA norsk

 

 



Kontakt:

tekstlab-post ved iln.uio.no